Project Description

Små Vesen ølbryggeri i Valdres

Foto: Fotograf Cathrine Dokken

Små Vesen – eit bryggeri i Aurdal

Små Vesen er eit bryggeri i Aurdal, Valdres som brygger øl med vekt på godt handverk og lagspel med dei underjordiske.

Bilder av Små Vesen. Ølbryggeri i ValdresEin skal ikkje lenger attende i folketrua enn til 1800-talet, då trudde folk det var dei underjordiske som gav alkoholen i ølet. Ja, ein kunne sjå dei i bruset og boblene. Desse små vesena set me stor pris på, difor bryggeriet Små Vesen

Selskapet Små Vesen AS

Små Vesen AS er eit selskap eigd av Knut Kulhuset (Styreleiar), Espen Blåfjelldal (Styremedlem), og Kristian Peter Belsheim (styremedlem og dagleg leiar). Frå og med sumaren 2015 leverer me godt øl frå Valdres, brygga med godt handverk, og med vekt på kvalitet, stabilitet og forutsigbarheit. Og sjølvsagt lagspel med dei underjordiske – små vesen.

Me brygger øl i nytt bryggeri på garden Anmarkrud i Aurdal. Her er det dei to siste åra bygd opp eit profesjonelt produksjonslokale som gjer oss i stand til å brygge godt øl, gong på gong. Me brygger 2000 liter på ein dag, har kapasitet på 4000 liter i gjæringskar, og vonleg 6000 liter i modningstankar etter kvart. Tida frå brygging til sal tek om lag 5 veker, og frå juli hadde me fyrste batch klar for sal og drikke.

4 typar øl frå Anmarkrud gard i Aurdal

Audhumla
Audhumla er ein forfriskande og lett bitter pale ale, høveleg humla med engelsk og amerikansk humle. Eit særs godt øl til mat, eller for seg sjølv.

Vette
Vette er eit kveiteøl av belgisk type. Eit øl me vonar vil verte populært som drikke til lette middagsretter, kanskje asiatisk. Eller for seg sjølv som leskedrikk.

Marmæle
Marmæle er eit øl me har brygga særskild for rakfisk og som er tilgjengeleg i rakfisksesongen. Dette er ein meir smaksrik og humla øl, som passar godt til godt modna rakfisk og andre smaksrike jolerettar. Marmæle er tilsett amerikansk og engelsk humle, og er gjæra på belgisk gjær.

Fjøsnisse
Fjøsnisse er joleølet frå Små Vesen, og kun tilgjengeleg i førjolstida. Ølet er ein porter, og er brygga med ein god del aromarik malt. Med toner frå røyk, sjokolade og karamell høver ølet godt ein myrk vinterkveld.

Utsalsplasser

Små Vesen finn du hjå alle daglegvarebutikkar i Valdres. For komplett liste over alle utsals- og skjenkeplasser i Noreg, sjå www.smaavesen.no

For meir informasjon sjå smaavesen.no