Vardefjell

Bilde er fra vinteren, men beskrivelsen er fra sommer

Vardefjell, Bagn og Hedalen

Vardefjell var ein stor positiv overrasking for vår del og ein tur som vi gjerne kan anbefale. Dette er ein fin tur både for dei som held til på Bagn Vestås og for dei som held til på Hedalssida. Turen er variert og ikkje så bratt og egnar seg bra for både store og små. For ungar kan det vere eit godt alternativ å ha med sykkel. Om lag halve turen kan syklast og det skapte ein flott variasjon for vår del. Litt bratt i starten, men det flatar ut ganske snart.

Ved Buvatnet køyrer du opp mot Engene. Rett opp for gamle Engene Fjellstue tek du til høgre og følgjer vegen opp til ein bom ved øvre Buvasstølan. Der parkerer du og tek fatt på turen. Litt oppi bakkane kan du ta stigen mot Vardefjell på austsida av Høgeli eller ta vegen (noko vi gjorde) opp til Høgeli og ta til venstre i krysset der. Denne vegen følgjer du til Valdreslistølen. Her går det av ein sti mot Vardefjell til venstre rett før grinda, du kan også gå opp mot setra og kome inn på stigen rett ovanfor seterhusa. Bak seterhusa følgjer stigen ryggen og du ser målet Vardefjell det meste av tida. Stigen er god og lett å finne.

Turen langs grusveg er på omlag 3 km og etter dette er det 3 nye km med sti før du er på toppen. Du startar på rundt 940 moh og toppen er på 1182. Er veret fint kan eit forfriskande bad nytast på vel 1150 moh med orkesterplass til fjellheimen. Hallingskarvet, Reineskarvet, deler av Vassfaret og Hedalsfjell, Høvreslia og seterlag i Valdres og Hallingdal, Jotunheimen samt åsane i aust var eit flott skode.

Tips for turen:
Sykkel kan vere fint som avveksling dei 3 km langs veg.

Bade- og fiskemogelegheiter. (Hugs fiskekort)

Rasteplass med bord og benk ved Høgeli. Utsiktspunkt på Høgelihovden/Buhovdkollen.

Guiden er skrive av: Ola Thorsrud

Turtype: Fottur
Kart: Sør-Valdres” 2555 Utgitt 2007
Start: Buvasstølan
Mål: Vardefjell e12,3 n25,7
Turtid: 2 – 4 timer
Utstyr: