Felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre kommune har to ledige stillingar:
- Ei 100 % fast stilling med snarleg oppstart
- Eit 100 % vikariat i tidsrommet 01.11.25-ca.01.09.2026
Har du lyst på varierte barnevernfaglege oppgåver? Då bør du søke no!
Vil du gjera ein forskjell og samtidig ha det fint på jobb? Er du ein engasjert fagperson og ynskjer å vera del av eit fagmiljø der du kan gjere ein positiv skilnad? Vi søker engasjerte tilsette som ynskjer å jobbe i ei teneste prega av utvikling, samarbeid og høgt fagleg fokus. Hjå oss får du eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer og godt samarbeid på tvers av fagfelt og med ei kaffipause når det trengs! Barneverntenesta satsar på kompetanse og trivsel!
Opplysingar om arbeidsstaden og stillinga:
Felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre kommune er ei interkommunal teneste der Vestre Slidre er vertskommune. Tenesta består av 8,1 årsverk godt utdanna og engasjerte fagfolk. Tenesta er organisert under avdelinga Familie, helse og førebygging. Barneverntenesta har fokus på å skreddarsy tiltak for barn, unge og familiar der dei bur og vi har fokus på korleis vi organiserer tenesta for å sikre kvalitet og effektivitet i sakshandsaming. Det vert lagt vekt på tverrfagleg samarbeid med andre tenester.
Tenesta jobbar etter generalistmodellen, som omfattar oppgåver knytt til mottak, akuttarbeid, undersøking, hjelpetiltak, omsorgstiltak/fosterheim og ettervern. Du får difor ein variert kvardag og brei erfaring som barnevernkonsulent.
Arbeidsoppgåver
- Undersøking og oppfølging av hjelpe- og omsorgstiltak
- Dokumentasjon, vedtaksskriving og å halde fristar i tråd med lovverket
- Partsrepresentant i Fylkesnemnda og øvrige rettsinstansar
- Deltaking i barnevernfagleg akuttarbeid
- Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
- Aktiv deltaking i utviklinga av tenesta sitt faglege arbeid
Kvalifikasjonar
- 3-årig relevant utdanning på høgskule-eller universitetsnivå som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleier.
- Påbegynt eller fullført masterutdanning eller anna relevant vidareutdanning er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Det er ynskjeleg med erfaring innan kommunal barnevernteneste.
- Studentar på 3. året sosialfagleg utdanning kan også vurderast
- Førarkort klasse B (Krav)
Vi ynskjer deg som:
- har god relasjonskompetanse
- kan uttrykke deg godt munnleg og skriftleg
- har evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
- har gode samarbeidsevner både internt og mot eksterne aktørar
- er fleksibel, robust og har høg arbeidskapasitet
- har eit fagleg engasjement
- er trygg, raus og varm i fagutøvinga
- vil bidra til gode tverrfaglege løysingar
Vi tilbyr
- Kommunen kan legge til rette for vidareutdanning viss ynskeleg
- Løn etter tariff, og som eit rekrutteringstiltak tilbyr vi minimum 8 års ansiennitet
- Arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- Eit inkluderande, engasjert og kompetent arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling med støtte frå erfarne fagpersonar
- Vestre Slidre og Vang kommunar ligg i sentralitetsklasse 5 og 6, og ved å bu i ein av desse kommunane kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år.